(FIRDA): Redaktør i Ytre Sogn avis, May Britt Eide, er død. Det melder avisa Ytre Sogn.
Eide vart 52 år og måtte gje tapt mot kreften torsdag 16. juni.
– May Britt hadde levd med kreftsjukdom gjennom lang tid, og sovna til slutt stille inn i heimbygda Vadheim med familien rundt seg, skriv Stig Øvreås, dagleg leiar i avisselskapet.
– Vi visste jo at May Britt var sjuk. Ho har ikkje vore på jobb sidan juletider. Så sjølv om vi visste om det, så var dette ein tung beskjed å få, seier Øvreås til Firda.
May Britt Eide kom opphavleg frå Balestrand, og byrja som journalist i Ytre Sogn i Høyanger i 2005. Der vart ho verande. Ho var gift, men hadde ikkje born.
– Svært fargerik og triveleg person
I 2017 tok ho over redaktørstillinga etter Rune «Suen» Sviggum, som døydde våren 2018.
– Oppgåva tok ho på strak arm, og meistra den med glans. Som redaktørar flest hadde May Britt sine eksentriske sider, noko som gjorde ho til ein svært fargerik og triveleg person å ha rundt seg. Energien ho stråla ut, smitta over på alle oss som var så heldige å få ha ho som kollega, skriv Øvreås.
Han beskriv ho elles som ein person med enorm arbeidskapasitet, med konkurranseinstinkt, og som ein person som la æra si i å levere så god lokaljournalistikk som mogleg.
– Men ho var også ein litt privat person, og treivst nok best som nummer to bak Suen. Ho likte seg nok ikkje i rampelyset, men ho har truleg hatt mykje større påverknad på lokaljournalistikken i Høyanger enn det folk har vore klare over. Ho har vore heilt sentral i avisa, seier Øvreås.
– Du tulla ikkje med May Britt
– Eg vart først og fremst svært lei meg då eg fekk vite dette, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.
Høyanger kommune er ein av eigarane i avisa Ytre Sogn.
– May Britt var ein svært dyktig journalist, men framfor alt ein veldig stor patriot, og glad i lokalsamfunnet sitt, seier ordføraren.
– Ho balanserte veldig godt det å vere lokal med det å vere kritisk, og hadde forståing for at ting kanskje var litt kompliserte mellom kommunen og pressa, seier Sortland.
Sortland seier tankane hans no først og fremst går til May Britt sin mann Ove, og familien hennar i Balestrand.
– Journalistyrket følgde ho heile livet. Når ho ringde, så retta du deg automatisk litt opp i ryggen. Du tulla ikkje med May Britt, ein måtte vere på tå hev. Prøvde du å snakke deg vekk, kom likevel dei oppklarande spørsmåla som ho eigentleg ville ha svar på, seier Sortland.