– Den positive utviklinga me såg i fjerde kvartal i fjor held fram i første kvartal. Me har hatt ein veldig sterk marknad i denne perioden i tillegg til gode prisar for aluminium. Det er lenge sidan me sist såg prisar på dette nivået, og saman med ein godt marknad, slår dette positivt ut for vårt resultat, seier fabrikksjef Wenche Eldegard i ei pressemelding.
Det har storma rundt Hydro dei siste åra. I 2018 var det mildt sagt turbulens rundt Alunorte-fabrikken i Brasil. Året etter, i 2019, blei Hydro ramma av eit omfattande cyberangrep. Då uttalte Eldegard at ho håpte på eit roleg år i 2020. Så kom koronaepidemien. Det har sett Hydro på prøve, ikkje minst for verket i Årdal med 529 tilsette.
Men likevel har Hydro Årdal hatt ein positiv utvikling. I 2020 kunne dei presentera eit samla overskot på 272 millionar kroner, og den positive utviklinga held fram ved Hydro Årdal, som tysdag kunne presentera eit overskot første kvartal på 192 millionar kroner.
Eldegard seier at i 2020 var etterspurnaden i marknaden i periodar så låg at dei starta å produsera ulegert metall for å halda produksjonen i gang. Denne type metall er vesentleg lågare prisa enn ordinær aluminiumsproduksjon.
– Me hadde også estimert noko produksjon av ulegert metall i første kvartal, men det har me unngått. No er me heller i den situasjonen at me kunne ha produsert eit større volum til marknaden enn det me har kapasitet til per i dag, seier Eldegard.
Overskot på 57 millionar i Høyanger
I Høyanger leverte Hydro eit overskot før renter, skatt og avskrivingar på 57 millionar kroner første kvartal. Fabrikksjef Arne-Martin Kjærland summerer opp første kvartal som svært positivt.
– Skrur du klokka eitt år tilbake opplevde me eit dramatisk fall i etterspurnaden etter våre produkt, som følgje av pandemien. No er etterspurnaden tilbake, me produserer for fullt og prisen på aluminium er høg. I tillegg leverer organisasjonen godt på forbetringsprogrammet vårt – det bidreg til det positive resultatet. Det har vore ein svært god start på 2021 for Hydro Høyanger, seier Kjærland.

Wenche og Hanne er «koronapoliti» for 528 tilsette: – Eit smitteutbrot kan få fatale konsekvensar