Krafta skal brukast til eksisterande industri og samstundes gjera det mogleg med framtidige industrietableringar i regionen, skriv Hydro i ei pressemelding måndag morgon.
Prosjektet vil gje årlege inntekter til Høyanger og Sunnfjord kommune og lokale ringverknader i utviklings- og driftsfasen av vindkraftverket. Den planlagde investeringa er på 3 – 4 milliardar kroner, med ein samla kraftproduksjon på 1 TWh.
– Dette vindkraftprosjektet er unikt fordi krafta skal forsyna Hydro Høyanger og andre industriaktørar i regionen. Hydro Høyanger treng meir fornybar kraft fra 2030 for å trygga vidare aluminiumproduksjon og dei vel 180 arbeidsplassane i lokalsamfunnet, seier leiar for primærproduksjon i Hydro, Ola Sæter.
Hydro, Eviny og Zephyr inviterer no til dialog med lokalsamfunnet og kommunestyra i Høyanger og Sunnfjord om å utvikla prosjektet. Olje- og energidepartementet (OED) har opna opp for behandling av meldingar om nye vindkraftprosjekt, under føresetnad om samtykke frå vertskommunane. Dersom kommunestyra i Høyanger og Sunnfjord samtykker vil prosessen med å behandla og utvikla prosjektet kunne starta.
Det planlagte prosjektet vil bestå av rundt 50 vindturbinar.