STAKK AV: Eit vogntog svinga ikkje inn til kontrollen på Håbakken torsdag kveld. (Arkivfoto)

Vogntog stakk av frå kontroll

Eit vogntog svinga ikkje inn til kontroll slik det plikter under ein kontroll på Håbakken torsdag kveld.

Publisert 07.12.2018 kl. 06.02.

- Me fekk ikkje stogga dette vogntoget, skriv Statens vegvesen i ei melding.


Totalt 153 køyretøy gjorde slik dei pliktar og svinga inn på kontrollplassen. 14 av desse vart kontrollerte nærare.


Kontrollørane frå Satens vegvesen fann blant anna teknisk mangel på ei semitralle med feil på ABS-bremsane.


To vogntog fekk bruksforbod grunna overlast. Eit transportføretak fekk overlastgebyr.


Eit anna fekk gebyr for manglande bombrikkeavtale. Ein førar fekk også gebyr for manglande kjetting.


Siste saker Gå til framsida