På Rv. 13 over Vikafjellet har eit vogntog fått trøbbel, melder Vegtrafikksentralen i 09.30-tida måndag.
SISTE: Klokka 10.09 melder Vegtrafikksentralen at vogntoget har kome seg vidare og det er fri ferdsel.
På veg opp fjellet frå Vik-sida stod vogntoget fast i Storesvingen og sperra vegen i begge retningar.
Politiet rykte ut til staden.
Ein hjullastar er på veg opp frå Vik-sida, vart det opplyst på Vegtrafikksentralen i 10-tida.
Denne skal hjelpa til med å flytta på vogntoget slik at bilane vonleg kan passera. Like etter vart det meldt at vegen var open att.