Vogntog mista hengar- manuell dirigering på Hemsedalsfjellet

Vegen var først stengd, deretter var det manuell dirigering. Ved 21.30-tida var vegen opna att.

DEL

Tysdag ettermiddag var rv 52 Hemsedalsfjellet stengt grunna berging av eit vogntog.

Det opplyser vegtrafikksentralen på Twitter. Meldinga kom til vegtrafikksentralen klokka 14.17.

- Vogntoget har mista hengaren, entreprenør og bilbergar er på staden, blir det opplyst hjå vegtrafikksentralen.

Klokka 18.16 opplyser Vegtrafikksentralen at det er manuell dirigering på staden. Vent på ledebil, opplyser dei på Twitter.

Vegen opna att like før klokka 21.30, opplyser Vegtrafikksentralen.

Artikkeltags