Vegtrafikksentralen vest melder fredag ettermiddag om eit vogntog med naudblinken på som står i Frudalstunnelen på riksveg 5.
Vogntoget står om lag ein kilometer før utløpet mot Sogndal. Politiet er på veg.
Vegtrafikksentralen ber folk vera obs, og ta omsyn. Klokka 17.30 melder dei at tungbilbergar er bestilt, men at vogntoget nok kjem til å verta ståande ei stund utover.
Oppdatering: Klokka 20.40 melder vegtrafikksentralen at vogntoget har fått hjelp.