Vogntog med fiskelast velta på E39

DEL

Fredag kveld velta eit vogntog ved Bolset på E39 mellom Skei og Klakegg.

Vegen vart stengd, og klokka 18.24 vart det meldt at bilbergar var bestilt. I 20-tida vart vegen opna for fri ferdsel att.

Vogntoget var lasta med fisk, og køyrde utfor vegen og velta. Bilføraren kom seg ut, og får tilsyn at helsepersonell, opplyser politiet på Twitter.

Artikkeltags