VINTER: Slik såg det ut ved Frudalstunnelen på riksveg 5 like før klokka 8 torsdag. (Skjermdump frå webkameraet til Statens vegvesen)

Vinteren kryp nedover

Det er etter kvart vinterleg på vegane også i låglandet.

Publisert 06.12.2018 kl. 06.34. Oppdatert kl. 08.30.

Mellom Sogndal og Frudalen var det onsdag kveld snø- og isdekke, minus ein grad, flau vind og snøbyger.


Men så langt er alle fjellovergangane opne. På riksveg 13 over Vikafjellet var det snø- og isdekke, lett bris, minus to grader og snøbyger, det same over fylkesveg 50, Aurland-Hol.


På fylkesveg 53, Årdal-Tyin, var det minus fire grader, snø- og isdekke, laber bris og lette snøbyger i morgontimane torsdag.


Det er nattestengd over Sognefjellet, på fylkesveg 55. Den opnar klokka 08.00.


 


Siste saker Gå til framsida