Vinteren er på veg og koronakronene har kome: – Det gjer at me no kan opna til vinteren

STØNAD: Dagleg leiar for Sogndal Skisenter Per Odd Grefsnes er glad for at dei har fått dekka ein del av inntektstapet sitt.

STØNAD: Dagleg leiar for Sogndal Skisenter Per Odd Grefsnes er glad for at dei har fått dekka ein del av inntektstapet sitt. Foto:

Vinteren nærmar seg med stormskritt og skisesongen står for døra. No har Hodlekve Skisenter fått koronakroner som skal hjelpa dei gjennom sesongen.

DEL

– Det gjer at me no kan opna til vinteren, seier dagleg leiar for Sogndal Skisenter, Per Odd Grevsnes.

I byrjinga av oktober fekk Sogndal Skisenter innvilga 233.386 kroner i kompensasjon frå krisepakke for frivilligheits- og idrettssektoren frå Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Lokalt Næringsliv

– Me fekk beskjed om å stengja ned 12. mars og fekk opna opp att 24. april. Det har gjort at me har tapt skikort- og billettinntekter i perioden. No har me fått dekka 70 prosent av dei tapte billettsalinntektene, basert på fjoråret.

Grevsnes fortel at dei har fått hjelp av både bank og det lokale næringslivet, og at det er ein sum av tiltak som gjer at dei har klart seg.

– Det verkar som bygda synest det er fint å ha eit skisenter i Hodlekve, og me møter mykje velvilje frå det lokale næringslivet, som kanskje er den største bidragsytaren, og som er mest positiv til det me held på med.

Ikkje ei krone

Sogn Skisenter på Hafslo har òg søkt om midlar, men har til no ikkje sett ei krone.

– Me har ikkje fått noko enno fordi ein må vera skattepliktig for å få dei midlane, noko me ikkje er sidan me er ein frivillig organisasjon og alt går tilbake til organisasjonen. Det er òg eit kriterium der me må vera med i frivilligheitsregisteret, noko som har blitt stogga av Brønnøysundregistera, og difor er me ikkje søkjegode for dei midlande, seier dagleg leiar i Sogn Skisenter, Runar Henning Tørvi.

Dei har no sendt inn klage på vedtaket og ventar svar rimeleg fort.

Tyder mykje

– Me er ganske like mange andre i dette landet som står i same situasjon, og håpar og trur klagen blir teke til følgje.

For skisenteret tyder pengane mykje, først og fremst for likviditeten, men med tanke på årets sesong ligg dei godt an.

– Me byrjar snart med snøproduksjon og har laga ei ny refusjonsordning for sesongkort, der me har teke høgde for koronasituasjonen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken