Vinden held stand på fleire fjellovergangar

GRÅTT: Slik var det på Vikafjellet ved Vossadalen tidleg tysdag morgon.

GRÅTT: Slik var det på Vikafjellet ved Vossadalen tidleg tysdag morgon. Foto:

På ein overgang kan det bli innført kolonnekøyring på kort varsel.

DEL

Her er dei siste oppdateringane frå Statens vegvesen tysdag morgon.

E16 Filefjell

Varierer mellom berr vegbane og snødekke. Klokka 05.50 var det minus 2 grader, frisk bris og snø.

Riksveg 13 Vikafjellet

Snø og isdekke. Klokka 05.55 var minus 3 grader, laber bris og opphaldsvêr.

Riksveg 13 Strynefjellet

Vekslande mellom berr og våt vegbane og snø og isdekke. Fare for elg. Kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel.. Klokka 05.45 var det minus 1 grad, vestleg liten kuling, skya og snøbyer.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet

Glatt nokre stader. Klokka 05.35 var det minus 5 grader, frisk bris og lette snøbyer.

Fylkesveg 50 Hol - Aurland

Stort sett berr vegbane. Redusert sikt på grunn av snøføyke. Klokka 05.45 var det minus 2 grader og sterk kuling.

Fylkesveg 53 Tyin - Årdal

Vekslande mellom berr vegbane, snø og isdekke. Klokka 05.45 var det minus 5 grader og liten kuling.


Artikkeltags