Vil vera i front for å møta nye krav og eit grønt skifte. Søkjer om støtte til landstraum

LANDSTRAUM: - Me vil vera klare for å ta hamna eit steg vidare fram mot framtidige krav og eit grønt skifte, seier hamnesjef Tor Mikkel Tokvam.

LANDSTRAUM: - Me vil vera klare for å ta hamna eit steg vidare fram mot framtidige krav og eit grønt skifte, seier hamnesjef Tor Mikkel Tokvam. Foto:

Aurland Hamnevesen KF søkjer ENOVA om støtte til etablering av landstraum til cruise. 

DEL

For å møta framtida og strengare krav til utslepp frå cruisenæringa, har Aurland Hamnevesen KF no sett seg i førarsetet for å tilby lokalprodusert kraft til cruiseskipa medan di ligg til kai i Flåm. Det skriv hamnevesenet i ei pressemelding.

Håpar på 2022

ENOVA har dei siste åra gitt investeringsstøtte til fleire prosjekt for elektrifisering av hamner, og den godt etablerte cruisehamna inst i Sognefjorden håpar no det er deira tur.

– No står verda stille og reiselivet og cruisenæringa vert hardt ramma. Difor er det viktig at me brukar tida godt for å koma styrkt ut av denne situasjonen. Me vil vera klare for å ta hamna eit steg vidare fram mot framtidige krav og eit grønt skifte. Om alt går som me ynskjer vil anlegget stå klart i 2022, seier Tor Mikkel Tokvam som steig inn i stillinga som hamnesjef 1. mars i år.

– Må ha støtte

ENOVA vil bruka våren på å vurdere søknaden. Om prosessen går som skissert vil tilbakemeldinga komma i løpet av mai månad. Hamnesjefen er svært nøgd med at hamnevesenet no er i posisjon for å ta del i den framtidsretta utviklinga i næringa.

– Me lyt visa kva som er mogleg å få til, og at me er villige til å gjera desse investeringane. Me ser og gjennom utgreiinga at det kan forsvarast økonomisk og er mogleg å få gjennomført, men samstundes er av ein slik storleik at me vil vera avhengig av støtte for å få det realisert», seier Tokvam.

Lokalt samarbeid

I samarbeid med lokale aktørar, cruisenæringa og lokalt energiverk har hamnevesenet fått levert ein godt utarbeida og forhåpentlegvis konkurransedyktig søknad. Samstundes legg hamna no opp til å gjere ei stor investering og eit vegval som viser at hamna, næringa og destinasjonen stiller førebudd for å tilpassa seg krav om nullutslepp i 2026.

– Djupvasskaien og Fretheim Hotel er saman med Flåmsbana fundamentet i den vellukka satsinga på turisme i Flåm og Aurland. Hamnevesenet vil gjera sitt for å tilpassa seg nye miljøkrav. Med landstraum og strenge utsleppskrav for båtar, meiner eg at cruiseskipa framleis må få høve til å vitja Verdsarvfjordane våre», seier styreleiar Olav J. Ellingsen.

Utsleppsfrie attraksjonar

Flåm er allereie ein destinasjon som tilbyr utsleppsfrie attraksjonar og transport.

– Flåmsbana, turistbåtane Future of the Fjords (heilelektrisk) og Vision of the Fjords (hybrid) som går fast i verdsarvområdet nyttar seg allereie av straum. I tillegg til dette er det og elektriske tilbod som E-Mobility (liten elbil) og El-Tour (Segway utleige), samt at Fjordsafari Norway ligg langt framme med testing av elektriske ribbar. Slik situasjonen er no nærmar kapasiteten i nettet seg full utnytting, og difor vil ein auka kapasitet av straum vera naudsynt for utviklinga av Flåm, heiter det i pressemeldinga.

I tråd med visjonane

Flåm AS som er ein leiande aktør innan reiseliv meiner dette er i tråd med deira visjonar for destinasjonen.

– Å leggja til rette for at reiselivet og destinasjonen skal bli skal bli utsleppsfri er eit mål me deler og som me jobbar strategisk mot. Det er eit viktig og naudsynt grep for å utvikla eit berekraftig reiseliv og ikkje minst ta vare på destinasjonen for framtidige generasjonar, uttalar Solrun Hjelleflat – dagleg leiar, Flåm AS.

God dialog

Hamnevesenet har vore i kontakt med fleire som kan levere sjølve anlegget og fått henta spesifikasjonar og prisoverslag. Samstundes har det vore god dialog opp mot sjølve cruisenæringa.

– Reiarlaga vore særs samarbeidsvillige, sjølv om dei grunna situasjonen har hatt mykje anna å prioritere. Dei har gitt oss teknisk informasjon og naudsynte opplysningar som me har hatt behov for. Reiarlaga har òg signert intensjonsavtalar som inneber at dei vil kople seg til anlegget når det står ferdig», seier driftsleiar Jon Olav Stedje, som har vore hamna sin kontaktperson i møte med næringa.

Artikkeltags