Sindre Steig (21) frå Fortun er med i årets utgåve av «The Voice». Fredag 8. februar står lustringen på scena. (Foto: Robert Dreier Holand)

Vil mentorane trykke på knappen og snu seg for Sindre?

Fredag 8. februar står Sindre Steig (21) frå Fortun på scena i «The Voice».

Publisert 05.02.2019 kl. 19.00.

Saman med åtte andre deltakarar skal han gje alt for å kapre seg ein plass vidare i konkurransen.


- Det blir spennande å sjå seg sjølv på TV, seier Steig, som aldri har prøvd seg på noko liknande før.


- Det var ei veldig, veldig fin oppleving. Det var gøy å stå på scena og eg har berre møtt fantastisk snille folk, seier han.


Lustringen, som i dag bur i Oslo og studerer låtskriving og produksjon ved Westerdals, har vald å syngja låta «Resolution» av Matt Corby. 


- Eg var veldig nervøs rett før eg gjekk på scena, men då eg kom opp og byrja å synge så gjekk det heilt fint. Det var ei fantastisk oppleving, seier Steig.


Om han går vidare i programmet - eller ikkje, får ein venta å sjå på fredag.


Les meir om: Nyhende Luster Musikk