Frida Pernille Mikkelsen (22) frå Førde er attvald som økonomiansvarleg i sentralstyret i Norsk Målungdom. No vil ho jobba for at alle nynorskelevane i Sogn og Fjordane får læremiddel på språket sitt til skulestart 2020. No krev ho at fylkesordførar Jenny Følling tek ansvar for at Sogn og Fjordane-skulane har læremiddel på nynorsk klare til skulestart 2020.- Utan læremiddel på nynorsk er det nesten umogleg å vera nynorskelev. I eit fylke som Sogn og Fjordane, der nær alle elevane er nynorskelevar, er dette spesielt viktig. Når ein gong etter gong har sett at nynorsklæremidla ikkje kjem til same tid, bør fylkespolitikarane med Jenny Følling i spissen ta ansvar og stilla krav, seier Mikkelsen.Det nye sentralstyret troppar på i juli. Mikkelsen får fylgje av Gunnhild Skjold frå Tromsø som leiar, Svein Soldal Eggerud frå Stord som nestleiar og Ingunn Vespestad Steinsvåg frå Stord som skrivar. Ragnhild Kvifte frå Osterøy, Håkon Remøy frå Herøy, Kristoffer Myklebust Egset frå Ørsta er sentralstyremedlemar.