Vil kjempa for å få Egil og Torbjørn på tinget: – Dei er to som verkeleg bryr seg om verdiane me står for

SATSAR UNGT: AUF i Vestland har samrøystes sagt at dei ynskjer Torbjørn Vereide (t.v.) på toppen av Stortingslista til Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Under eit representantskapsmøte tidlegare i sommar valde dei Egil Natvik Vestrheim frå Lærdal som sin ungdomskandidat.

SATSAR UNGT: AUF i Vestland har samrøystes sagt at dei ynskjer Torbjørn Vereide (t.v.) på toppen av Stortingslista til Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Under eit representantskapsmøte tidlegare i sommar valde dei Egil Natvik Vestrheim frå Lærdal som sin ungdomskandidat. Foto:

AUF Vestland vil ha Torbjørn Vereide på toppen av stortingslista til Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

DEL

Det gjekk dei samrøystes inn for på fylkesstyremøtet i AUF Vestland denne veka. I ei pressemelding skriv dei at Vereide har lang fartstid og erfaring frå AUF. Han har også bakgrunn frå fagrørsla, og har mellom anna arbeidd som ungdomssekretær i LO. I tillegg har han no vore på fylkestinget i snart 10 år, og sit som fraksjonsleiar for AP i utvalet for næring, naturressursar og innovasjon.

Ungdommane i AUF skildrar han som ei tydeleg røyst for heile Sogn og Fjordane.

Samlande og tydeleg

– Torbjørn er fødd i Nordfjord, bur i Sunnfjord og er godt kjend med industriområda i Høyanger, Årdal og resten av Sogn. Me meiner at han har ein solid bakgrunn og erfaring, som gjer at han kan vera ein samlande og tydeleg kandidat for heile fylket, skriv fylkesleiar Endre Toft i pressemeldinga.

AUF i Vestland er ein stor politisk ungdomsorganisasjon i fylket, og ynskjer ein representant som kan fremja deira verdiar.

– Torbjørn brenn for dei sosialdemokratiske verdiane. Gjennom åra har Torbjørn alltid arbeidd for eit varmare samfunn der alle har like gode moglegheiter til å lukkast. Han har ein unik innsikt og kompetanse på korleis ein kan sameina industriarbeidarane med unge klimaaktivistar, og vil vera ei tydeleg røyst på Stortinget for industrien på Vestlandet, seier Toft.

Ungdomskandidaten

AUF i Vestland har ambisjonar om å få sin eigen ungdomskandidat høgt oppe på lista. Under eit representantskapsmøte tidlegare i sommar valde dei Egil Natvik Vestrheim frå Lærdal som sin ungdomskandidat.

– Vårt hovudfokus vil vere å få ungdomskandidaten til AUF, Egil, så høgt opp på lista som mogleg. Trass i ung alder har allereie Egil synt seg som ein tydeleg og markert ungdomspolitikar. Han har lagt ned ein ekstrem innsats som nestleiar for AUF i Vestland i nesten to år, gjort ein solid jobb som historias yngste kommunestyrerepresentant i Lærdal, seier Toft.

Natvik Vestrheim er vakse opp på ein eplegard i Lærdal, og jobba på Hydro i Årdal i helgane. Før valkampen byrjar skal han fullføre fyrstegongsteneste i forsvaret. AUF peiker på at Egil har mange erfaringar som gjer han til ein god ungdomskandidat.

– Me i AUF kjem til å kjempa for Torbjørn og Egil, fordi dei er to menneske som verkeleg bryr seg om verdiane me står for, avsluttar Toft.

Artikkeltags