Vil ikkje setja folkehelsa på spel: – Me har ei veldig stor andel entreprenørar i Hordaland

VEDTAK: Ordførar Trygve Skjerdal og kommuneleiinga i Aurland ynskjer ikkje å setta folkehelsa på spel, men treng litt tid til å finna ut pratiske løysingar av eit eventuellt vedtak om ein kjem frå store deler av Sør-Noreg, og må i karantene i to veker.

VEDTAK: Ordførar Trygve Skjerdal og kommuneleiinga i Aurland ynskjer ikkje å setta folkehelsa på spel, men treng litt tid til å finna ut pratiske løysingar av eit eventuellt vedtak om ein kjem frå store deler av Sør-Noreg, og må i karantene i to veker. Foto:

– Eg ser føre meg om at me der fattar eit vedtak i tråd med hensikta, men kanskje med meir lokal tilpassing.

DEL

Det seier ordførar Trygve Skjerdal, og legg til:

– Dei fleste kommunar i gamle Sogn og Fjordane har grenser mot andre kommunar i same fylke. Aurland har litt andre utfordringar ved at me grensar til to av dei fylka som er nemnt opp her, gamle Hordaland og Viken.

Skjerdal og resten av leiinga i Aurland kommune fekk mange reaksjonar etter å ikkje innføra karantene etter reiser i områda Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, og dei geografiske områda som tilsvarar tidlegare Sør- Trøndelag og Hordaland. Samstundes fekk han mange telefonar frå både private og næringsdrivande som hadde utfordringar dersom vedtak vart fatta umiddelbart.

Trengde meir tid

Ordføraren fortel at dei har spesielle utfordringar i kommunen då dei grensar til to andre fylke, og har mange arbeidstakarar frå gamle Hordaland.

– Det er ikkje meininga å sabotera noko vedtak, eller å setta folkehelsa på spel, tvert om. Me har jobba med korona-problematikken kontinuerleg i fleire døgn, seier Skjerdal og legg til:

– Oppi dette skal ein vera klar over at dei som arbeider med dette også er eksponerte for smitte, og at krisearbeidet ikkje føregår i normale kanalar for alle. Fleire må arbeida frå heimekontor.

Og i går jobba leiinga i Aurland kommune med å avklara situasjonen før dei kunne ta stilling til vedtaket.

Arbeidskraft frå Hordaland

– Me har eit stort antall entreprenørar og fagarbeidarar som bur i Hordaland, som har store jobbar i til dømes Flåm og Gudvangatunellen. Alle desse må få høve til å områ seg, slik at dei til dømes kan stengja ned aktiviteten på ein forsvarleg måte.

Ordføraren opplyser om at det vart gjort eit vedtak måndag, nesten likelydande som dei andre kommunane. Einaste skilnaden er at reisa over fylkesgrensa, mot voss kan gå som normalt. Soleis er det ingen frå Aurland som skal i karantene etter ein tur til Voss.

Vedtaket kan du sjå her.

Kritikk på sosiale medium

Sjølv om dei har møtte mykje kritikk på sosiale medium fortel ordføraren at han og har fått mykje tilbakemelding som er heilt motsett.

– Eg hadde mellom 20–30 telefonsamtalar som spurde kva som kom til å skje, om dei kunne koma til bygda, ordna prekære ting og reisa att, seier Skjerdal og legg til:

– Eg vil nok ein gong påpeika at me tek situasjonen på det største alvor. Me er om lag 1800 innbuarar i kommunen, og av desse skal eit fåtal halda samfunnshjula i gang for oss alle framover. Me må difor tenkja nøye igjennom prioriteringane våre slik at me har personell til å halda hjula i gang også om ei veke eller ein månad, seier Skjerdal.

Artikkeltags