Gå til sidens hovedinnhold

Vil ha talane til kongehuset på nynorsk: – Eg trur kongen meiner dette er stilig

I førsteutkastet til nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag, føreslår dei at 25 prosent av kongehuset sine talar bør vera på nynorsk.

For abonnentar

– Eg tykkjer det er eit spenstig og godt forslag. Det er heilt rimeleg at ein kongefamilie som hevdar å vera for heile landet tek i bruk heile det norske språket, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Han sit ikkje i arbeidsprogramnemnda sjølv, men gjer ingen forsøk på å skjula at dette er eit forslag til språkpolitikk han gladeleg går i bresjen for.

– Så kan ein meina kva ein vil om monarkiet, men kongehuset er offentlege personar. Det dei seier betyr noko for folk. Det er viktig at dei viser at dei er til både for folk som bur i Norge, og dei som bur i Noreg, seier Hauge.

Forventar ein livleg debatt

Forslaget blir no sendt ut i mållaget på høyring. Arbeidsprogrammet skal vedtakast på landsmøtet i april 2022. Hauge er usikker på kva slags debatt han kan venta rundt dette internt i Noregs Mållag.

– Det kan vera at nokre meiner me skal bruka kreftene på større og viktigare ting som opplæringspolitikk, men eg trur dette kan få støtte og bli eit symboltungt vedtak. Ikkje minst i lys av den nye språklova der det vert slått fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremja nynorsken. Fordi den er det minst brukte av dei to norske skriftspråka.

– Kva med debatten utanfor mållaget?

– Det kan henda ein del hissar seg opp og meiner dette er eit urimeleg krav. Det er eg i så fall heilt usamd i, og meiner me er rause om me landar på berre 25 prosent.

– Det kan bli heftig.

– Me håpar det, og det skal me stå i. Eg meiner mållaget må stå ved offensive krav, elles blir det inga forandring.

Trur kong Harald vil lika det

Mållova set krav til bruk av nynorsk offentleg korrespondanse, til kommunar og til statlege organ. Men Hauge klarar ikkje å tolka ho slik at ho set krav til kongehuset sine talar. Dermed kan ikkje mållaget gjera anna enn å appellera til medlemmene av kongehuset sitt språklege samvit.

– Om eg skal tillata meg å spekulera i kva kongen meiner om eit slikt forslag, vågar eg gjetta at kong Harald meiner dette er stilig. Og så kan det henda Ingrid Alexandra angrar på at ho ikkje fekk sidemålsopplæring på den internasjonale skulen ho gjekk på, men det er ei anna sak, seier Hauge.

Kommentarer til denne saken