INKLUDERANDE OG LEVANDE LOKALSAMFUNN: - Både fylkeskommunen og kommunane må utvikla frivilligheitspolitikk i dialog med dei frivillige organisasjonanen, seier Bjørn Lindstad, seniorrådgjevar i Frivillighet Norge. (Foto: Shutterstock)

Vil ha betre samspel mellom kommunar og frivillige

19. november er kommunar og frivillige organisasjonar inviterte til konferanse om frivilligpolitikk.

Publisert 07.11.2019 kl. 17.00.

Målet er auka frivillig engasjement og tettare samspel.


Auka innsats

Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune og Frivilligheit Norge som står bak konferansen, som blir arrangert på Gloppen Hotell i Sandane.


Så langt har over 70 personar meldt seg på.


- Frivillig engasjement skapar gode lokalsamfunn. Gjennom konferansen vil me sjå på korleis kommunane og frivilligheita kan spele kvarandre gode, seier Åge Avedal, rådgjevar i kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune.


Fylkeskommunen har mål om at alle kommunar skal utvikla ein plan, strategi eller plattform for frivillig sektor.


- Heilskapleg frivilligpolitikk i kommunane kan gje betre rammer for frivillig innsats, fortel Avedal.


Inkluderande

Frivilligheit Norge har meir enn 300 frivillige medlemsorganisasjonar som til saman representerer over 50.000 lokale lag og foreiningar i landet. Ei av hovudoppgåvene er å hjelpa kommunar og frivillige organisasjonar i arbeidet med å utvikla heilskapleg frivilligpolitikk.


- Me set stor pris på å samarbeida med fylkeskommunen om denne konferansen. Både fylkeskommunane og kommunane er avhengige av at det finst eit aktivt og levande foreiningsliv. Dette er heilt grunnleggjande fir å skapa inkluderande og levande lokalsamfunn som folk trivst i, seier seniorrådgjevar Bjørn Lindstad i Frivillighet Norge.


På konferansen blir det dagleg påfyll og kafédialog der deltakarane kan koma med innspel til innhaldet i ein frivilligheitspolitikk.


Les meir om: Nyhende Fylkeskommunen