Gå til sidens hovedinnhold

Vil ha Anette på Stortinget

Artikkelen er over 1 år gammel

Luster Arbeidarparti fremjar Anette Stegegjerdet Norberg og Nils P. Støyva som kandidatar i Sogn og Fjordane til stortingsvalet i 2021.

Norberg har bakgrunn frå Sogn og Fjordane AUF, med ulike verv på lokal- og fylkesplan frå 2006.

Det går fram i ei pressemelding frå Luster Ap.

Nordberg har tidlegare vore medlem i landsstyret og i den nasjonale programkomitéen i AUF.

Lang erfaring

Norberg har vore innvald i kommunestyret i Luster sidan 2007, og har hatt verv i formannskapet og planutvalet.

Ho har representert Sogn og Fjordane Ap på stortingslista tidlegare og møtte som vara i Stortinget i to periodar, frå 2009–2017.

Ordførar og fylkesleiar

Støyva har bakgrunn som ordførar i Stryn i 12 år, har vore fylkesleiar i Sogn og Fjordane Ap i 6 år og gruppeleiar i fylkestingsgruppa til Ap i 4 år. Han har vore distriktssekretær i LO i 6 år.

Kommentarer til denne saken