Vil ha AMK-sentral for luftambulansen i Bergen

Publisert 13.05.2019 kl. 22.59.

Fellesnemda sitt arbeidsutval sluttar seg til at lokaliseringa av ein felles AMK-sentral for luftambulansetenesta for helseregionen vert lagt til Haukeland sjukehus. 


- Plasseringa av ein eigen AMK-sentral for luftambulansen i Helse Vest handlar om beredskapen til heile helseregionen. Då er regionssjukehuset Haukeland universitetssjukehus det sjølvsagde valet, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun, leiar av fellesnemda AU.


I mai skal styret i Helse Vest vedta kvar ein felles AMK-sentral for luftambulansene i helseregionen skal liggja. Her i frå skal all luftambulansetrafikk i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane styrast.


Les meir om: Nyhende Helse

Siste saker Gå til framsida