Det melder Simas i ei pressemelding. Ordninga gjeld privat hushald ved levering av avfall på miljøstasjonane.
– Me ønskjer å oppmoda folk til å bruka miljøstasjonen aktivt, og verta betre på å sortera. Det løner seg for alle. Difor gir me kundane våre moglegheit til å levera tre kubikk med gratis avfall, avfall dei vanlegvis må betale for, fortel Dagny Ugulsvik Alvik, administrerande direktør i Simas.
Ombrukstasjonar
Er ein flink å sortera før ein kjem på miljøstasjonen, kan det vera du betalar enda mindre, meiner Simas. Det er nemleg mykje du kan levera gratis utanom kvoten, som farleg avfall, kvitevarer, elektrisk avfall, metallskrap og hageavfall.
– I tillegg jobbar me med å få på plass ombrukstasjonar på alle miljøstasjonane våre. Så då kan du setje frå deg ting det framleis er liv i, som du ikkje treng lenger.
Gratiskvoten gjeld frå 1. januar, og vert registrert når kunden nyttar tilgangsbevis gjennom appen Miljø-ID.
Ingen auke i gebyr
Simas ynskjer heller ikkje å auka renovasjonsgebyret, trass prisstiginga elles i samfunnet.
– Me veit at mange tykkjer gebyret er høgt nok som det er. Me er eit avfallsselskap som opererer i «grisgrendte strøk», så transportkostnaden er stor. Men då er det jo gledeleg at me klarar å halda gebyret utan auke for femte år på rad, noko eigarkommunane våre har stemt for, seier Ugulsvik Alvik.