Då treng me hjelp frå rektor, lærarar eller andre som skal ta imot alle desse nye, spente og ferske elevane.

Dess raskare me får bilete, dess fortare kan alle andre få ta del i denne gleda og spenninga.

Send klassebilete til redaksjon@sognavis.no – merk emnefeltet med kva skule det kjem frå.

Bileta går inn i ein biletserie som blir publisert fortløpande på nettet og etter kvart i papiravisa.

Det er alltid kjekt med namn, men her bestemmer kvar skule sin praksis.

Dersom det ikkje er med namn på elevane, er det alltid kjekt om de vil skriva namn dersom det er vaksenpersonar med på bilete.