Det seier Sara Christine Johnsborg, leiar for Nav i Sogndal kommune.
Regjeringa vedtok torsdag at alle landets skular og barnehagar skal haldast stengt, sett bort frå elevar med særskilde behov eller foreldre med samfunnskritiske oppgåver.
Norskopplæringa i Sogndal kommune vart med dette stengd, og sidan torsdag har det blitt jobba med å få ut viktig informasjon til elevar der og andre framandspråklege på fleire språk enn berre norsk.
Bruk av tolk
– Norskopplæringa og flyktningetentesta starta i samarbeid arbeidet med få ut god informasjon til alle. Med var ein tospråkleg tolk, slik at flest mogleg skulle få naudsynt informasjon på sitt eige språk, fortel Johnsborg.
– Dei fekk informasjon om det som skjer no og kva som er viktig med tanke på hygiene.
Prøver å oppretthalda tenester
I tillegg til flyktningtenesta har også Nav ansvar for mange andre tenester. Arbeidet med å få ut informasjon til desse går føre seg for fullt fredag.
– Me jobbar no med å gå gjennom alle tenester for å prøva å halda oppe dei tenestene me kan. For dei me ikkje greier å halda oppe, jobbar me no med å etablera kontakt og dialog for oppfølging for korleis handtera dette vidare. Dette arbeidet vil halda fram måndag, seier Sara Christine Johnsborg.
På heimesida til Folkehelseinstituttet er det mogleg å finna informasjon på mange språk om heimekarantene og isolasjon. Følgjande språk er tilgjengelege:
Engelsk, arabisk, dari, farsi, fransk, italiensk, kurmanji, litauisk, pashto, polsk, punjabi, russisk, somali, samisk (nord- og sørsamisk), sorani, spansk, tegalog, thai, tigrinja, tyrkisk, tysk, urdu og vietnamesisk.