Vassforbruket er svært høgt i Vik og på Vangsnes.

«Me opplever eit forbruk som ligg høgare enn det vassverka våre klarar å produsera, utan restriksjonar vil me risikera eit kritisk lågt nivå på reintvassreservane våre», skriv Vik kommune på heimesida si.

Gjeld frå i dag

Det er ikkje høve til å nytta vasspreiar eller slange for vatning i private hagar, vatning med kanner eller bøtter er tillate.

Restriksjonane gjeld frå og med 9. juni og gjeld inntil ny melding blir gitt.

Varselet gjeld alle abonnentar knytt til Vangsnes og Refsdal vassverk.