Vikafjellet skal opnast i dag

UVÊR: Slik ser det ut ved bommen ved Hola på Vikafjellet klokka 06.09 i dag, fredag.

UVÊR: Slik ser det ut ved bommen ved Hola på Vikafjellet klokka 06.09 i dag, fredag. Foto:

DEL

Vikafjellet er stengt på grunn av uvêr. Det er planlagd at Vikafjellet kan opnast klokka 13 i dag, fredag.

Tyin - Årdal er open. Her er det somme stader redusert sikt på grunn av snøfokk. Klokka 06.15 var det minus 9 grader, frisk bris og opphaldsvêr.

Hol - Aurland er open. Her er det snø- og isdekke. Det er somme stader redusert sikt, Klokka 05.45 var det minus 5 grader, frisk bris og lette snøbyer.

Hemsedalsfjell er opent. Her er det snø- og isdekke. Det er frisk bris og opphaldsvêr. Klokka 06.00 var det minus 7 grader.

Strynefjellet er opent. Det er vekslande snø- og isdekke og tynn is. Det er fare for glatte parti. Klokka 06.10 var det minus 9 grader, søraustleg frisk bris og snø.

Hardangervidda er open. Her er det snø- og isdekke. Det er frisk bris overskya.

Haukelifjell er opent. Her er det snø- og isdekke. Det er frisk bris og lettskya. Klokka 05.45 var temperaturen minus 3 grader.

Filefjellet er opent. Dt er snø- og isdekke. Her er det laber bris og opphaldsvêr. Temperaturen er minus 8 grader klokka 05.30.

Artikkeltags