Vikafjellet er framleis stengt

OPPRYDJINGSARBEID: Dt vikafjellet skal opnast att på laurdag den 29.2 klokka 16.00.

OPPRYDJINGSARBEID: Dt vikafjellet skal opnast att på laurdag den 29.2 klokka 16.00. Foto:

DEL


Vikafjellet er stengt på grunn av opprydjingsarbeid. Det er venta at strekninga opnast på laurdag den 29.2 klokka 16.00.

På Hardangervidda er det kolonnekøyring for alle.

Her er det ope

På Tyin – Årdal er det snø- og isdekke. Klokka 5.30 var det minus 19 grader, laber bris og opphaldsvêr.

På Hol - Aurland er det snø- og isdekke. Klokka 7.20 var det minus 14 grader, frisk bris og lett snø.

På Filefjell er det snø- og isdekke. Klokka 5.30 var det minus 15 grader, flau vind og opphaldsvêr.

På Strynefjellet er det stort sett snø- og isdekke, og fare for glatte parti. Det er og fare for elg. Klokka 6.12 var det minus 15 grader, sørvestleg svak vind og skya opphaldsvêr.

På Hemsedalsfjellet er det snø- og isdekke. Klokka 5.00 var det minus 14 grader, svak vind og klårt.

På Haukelifjell er det snø- og isdekke. Klokka 5.45 var det minus 13 grader, laber bris og snø.

Artikkeltags