FÅR NM: Olav Turvoll, ordførar, Trude Undebakke, leiar i Vik IL ski- og skiskyting, Jorunn Åsfrid Røyrvik, mediekontakt i Vik IL ski- og skiskyting og Erling Stadheim, leiar i Vik IL er godt nøgde med at dei er tildelt NM i skiskyting i 2020. (Foto: Gunnar Kleven)

Vik er tildelt NM i skiskyting i 2020: - Det er utruleg moro

Noregs skiskyttarforbund har bestemt at NM i 2020 skal arrangerast på Vik skisenter.

Publisert 30.04.2018 kl. 16.45. Oppdatert kl. 16.49.

- Tildelinga er svært viktig for oss. Dette er ei stadfesting på den gode arrangørkompetansen i Vik, samt standarden på Vik skisenter, seier Trude Undebakke, leiar i Vik IL ski- og skiskyting. 


Skiskyttargruppa i Vik har to gonger tidlegare arrangert sommar-NM på rulleski, først i 2009 og så i 2016.


Før siste arrangementet vart anlegget på Kålsete bygd ut frå 25 til 32 skiver på standplass. Anlegget har også godkjent C-lisens, som er ei stadfesting på at det held internasjonal standard.


- Det er utruleg moro å vise nye generasjonar NM på heimebane, og soleis er NM også viktig med tanke på rekruttering, seier Undebakke og held fram:


- Men først og fremst er tildelinga ei fjør i hatten for alle dei som har gjort ein svært god funksjonærjobb tidlegare. Utan den massive støtta og store dugnadsånda i bygda, kunne me ikkje søkt om nye NM. 


Solid anlegg

- Tildelinga hadde heller ikkje skjedd utan utbygginga av anlegget i 2016. Utbygginga fekk tung økonomisk støtte lokalt og regionalt. Det er utruleg kjekt å vise at dette gir resultat tilbake, seier Undebakke.


Det vil truleg vera om lag 400 deltakarar fordelt på minst tre dagar med konkurransar når NM går av stabelen i Vik om to år. Dette fordi finalen i junior-NM vert lagt til same arrangement.


- Dette er store greier, og me vart sjølvsagt svært glade då me fekk meldinga at forbundet hadde tildelt Vik som arrangør for senior-NM i 2020, seier Jorunn Åsfrid Røyrvik, mediekontakt Vik IL ski og skiskyting.


God kompetanse

Ho seier dei sende inn ein velbegrunna søknad om kvifor dei burde få arrangementet.


- Me meiner sjølv at me har eit anlegg som er godt eigna. Me har ikkje hatt eit så stort stemna på vinterstid før, men dette er ei anerkjenning frå forbundet om at me har kompetanse både når det gjeld anlegg, det sportslege og det som skjer utanfor løypene. Me held høgt nivå og kan ta slike meisterskap. 


- Kva trur du kan bli dei største utfordringane med å arrangera eit så stort stemna?


- Det må kanskje bli vêret som me ikkje kan gjera noko med. Når det gjeld snøen, så har me verdas største ressurs berre nokre kilometer unna. Me arrangerte vestlandsmeisterskapen på berre nokre dagars varsel for nokre år sidan. Då henta me litt av lageret på Vikafjellet, og me tek høgde for slike ting allereie no. Me veit at me klarar det.


- Kva dato blir NM arrangert i 2020?


- Det er ikkje stadfesta enno. Det me veit er at NM blir lagt til ein dato etter siste renn i world cupen. Det betyr også at det er større sjanse for at alle dei beste skiskyttarane kan delta i Vik. Terminlista for world cupen er ikkje komen enda, så endeleg dato er difor ikkje spikra. Det får me kanskje vita sommaren 2019. 


- Korleis skal denne tildelinga feirast?


- Me har allereie hatt ei skikkeleg feiring med dei aktive ungane, så no får me vaksne ha ei samling der me kan spretta sjampanjen, smiler Røyrvik.


- Laget har musklar

Ordførar i Vik, Olav Turvoll, er sikker på at arrangementet kjem til å bli gjennomført med glans.


- Svært mange legg ned enormt mykje dugnadsarbeid i regi av Vik idrettslag. Hardt arbeid over lang tid, både med å byggja anlegg og å gjennomføra arrangement, har gjeve laget musklar og kompetanse til å ta på seg stadig større oppgåver. Eg vil difor gratulera laget med tilliten dei har fått med tildelinga av NM senior i skiskyting, seier han.


Les meir om: Sport Skiskyting Vik

Siste saker Gå til framsida