Feirer engelsk jul: Sjå kva Magny berre må ha frå samvirkelaget i Øvre

Magny Kastet frå Årdal bur i England der ho jobbar som business manager. Som dei fleste engelskmenn kjem også Magny til å feira på pøbben julaftan. (Foto: Privat)

Magny Kastet frå Årdal bur i England der ho jobbar som business manager. Som dei fleste engelskmenn kjem også Magny til å feira på pøbben julaftan. (Foto: Privat)

Av

Magny frå Årdal går på pøbben julaftan.

DEL

Sogn Avis har invitert sogningar i utlandet til å fortelja om korleis jula blir, og har bede dei om å senda ei helsing heim. Først ut er Magny Kastet frå Årdal.- Korleis feirar folk jul der du er?- Med god mat, drikke, familie og vener. Engelskmennene opnar gjerne gåvene 1.juledag, men her hjå oss gjer me det julaftan òg i tillegg. Mange har kalkun på menyen, her går det helst i oksesteik med poteter, grønnsaker og Yorkshire pudding. - Er det sant at engelskmennene er på pøbben på julaftan?- Det er mange som er det, ja. Og det har eg òg vore. I år blir det nok sikkert det, ettersom dotter mi og barnebarna reiser til Årdal for å feira jula der. - Kva saknar du mest med jula heime?- Familien - Har du nokre spesielle juletradisjonar du har teke med deg som du berre må halda i hevd?- Norske flagg på juletreet. Hjå oss har me forresten også brun saus fra samvirkelaget i Øvre til julemiddagen. Eg likar ikkje den engelske brune sausen (gravy, journ.mrk), så eg handlar med meg brun saus når eg er heime. Elles saknar eg generelt brunosten og sjokolade, helst Mandelstang eller Hobby. - Kven vil du senda ei julehelsing til? - Mamma og pappa og resten av familine heime, pluss alle andre kjende! Merry Christmas!

Artikkeltags