Victoria Midlang Harbakk frå Feios vil heller eiga enn å leiga.
Yngste i Vik?
– Eg var usikker på om eg fekk huslån som 18-åring, men banken møtte meg med opne armar.
Victoria er ikkje heilt sikker på om ho er det yngste som har fått huslån i Vik kommune.
– Eg er i alle fall sikker på at eg er det yngste som sakshandsamaren min har gitt huslån til.
Ho meiner ho lære seg økonomisk kontroll når ho har eit huslån som må betalast.
– Viss eg ikkje hadde investert i hus, så hadde eg nok hatt ein dyrare bil, og dei tapar seg i verdi. Eller så hadde eg kanskje sløsa vekk litt meir.
– Eg har det ikkje ilt økonomisk på nokon måte, men eg må tenkja meir på kva eg brukar og sjå litt fram i tid. Så bør eg prøva å spara litt og ha ein buffer i tillegg.
– Så du bur deg ikkje i hel?
– Nei, eg har fått til ein god avtale med banken. Så greier eg å spara litt i tillegg. Sidan eg var liten har mamma og pappa sett av ein viss sum i månaden på eigen konto som eg fekk overta når eg vart 18 år. Det er eg veldig takksam for, og det har absolutt bidrege til at eg hadde nok eigenkapital til å kjøpa hus.
Gode hjelparar
Huset er til saman 150 kvadrat. Det er to etasjar, der kvar etasje er 75 kvadrat.
Victoria er ferdig med å pussa opp heile andre etasje. No er det første etasje som er under arbeid.
– Der driv eg på med stova. Eg skal også pussa opp gangen. Eg tek litt etter kvart som eg føler for. Det hastar ikkje så mykje. Det hasta meir når eg dreiv på med 2. etasje.
Før ho flytta inn i huset ville ho ha 2. etasjen klar. Knappe tre månadar etter ho fekk husnøklane, var det klart for innflytting.
– Me måtte byta takplatene sidan me reiv ned ein vegg. Me laga også til nye vegger og la nytt golv. Det var mykje å gjera, men det gjekk uansett veldig fort. Pappa har hjelpt meg mykje. Medan han har vore vekke på jobb, så gjorde eg så mykje eg greidde sjølv og førebudde til han kom heim. Eg hadde ikkje greidd alt utan hjelp frå familien.
– Eg invitera systera mi på middag, så må ho måla etterpå, spøkjer ho.
Full kontroll
Alt når Victoria var på visning såg ho føre seg korleis ho ville ha det.
– Eg tenkte korleis eg kunne plassera møblane, og eg tenkte at ville riva eine veggen om den ikkje var berande.
Victoria er ei bestemd jenta. Ho har sin stil og ho veit korleis ho vil ha det.
– Når isolasjonen sto i veggane og det var heilt kaos, så visste eg kvar eg ha ville forskjellige ting.
Victoria fortel at huset var i god stand når ho kjøpte det.
– Eg har difor berre gjort kosmetiske ting. Det er litt kjedeleg om elektriske ting ikkje er i orden. Det kostar mykje å ordna og det visar ikkje att. Så eg er glad eg kunne leggja pengane mine i å gjera det fint her.
Har mange planar
Victoria er langt ifrå ferdig med oppussinga av eigedommen, men ho har planane klare.
– Eg har planar for oppkøyrselen. Så vil eg byggja meg ein altan med glasrekkverk. Over huset er det ein fjøs, men den blir ikkje brukt til noko. Planen på sikt er å laga til ei utestova der. Kanskje opna opp litt og ha store glas så ein ser utsikta godt.
Over garasjen hennar er det ein leilegheit. Den har ho planar om å leiga ut.
– Det er eit soverom, bad og stova der. Eg må setja inn dusj, varmtvasstank og ein liten kjøkenkrok så har eg utleigemoglegheiter der. Men først vil eg få kjellarstova ferdig.
I barndommen har Victoria vore med faren på mykje praktisk arbeid. Oppussing er difor ikkje heilt nytt for ho.
– Eg likar å styra på med slike ting, og om det skulle gå gale så er det jo trass alt mitt hus, ler ho.
Hjelp har ho teke i mot når ho har trengt det.
– Eg har lært utruleg mykje undervegs i oppussingsprosessen, så det tek eg med meg vidare.
God plass
Victoria har tidlegare leigd leilegheit i Sogndal medan ho gjekk på skule der. No opplev ho andre sida av spekteret, der ho eig.
– Eg likar fridomen med å eiga. Så er det forskjell på å bu i ein leilegheit og i eit hus. Her har eg garasje og stor uteplass. Det er litt meir som eg er vande med frå oppveksten. Eg likar å ha god plass.
– Så vil eg heller investera enn å leiga ein plass. Då sparar eg opp kapital i staden for å betala leige som går rett ut glaset.
Meir ansvar
– Eg har alltid likt å klara meg sjølv. Eg likte godt å bu heime og, men eg fant ut at eg heller ville kjøpa mitt eige hus og investere.
Med eige hus har ho også meir ansvar.
– Det er kjekt å ha eiget hus, men av og til så vil eg berre vera ein unge att. Det hender at eg saknar å ha mindre ansvar. No må eg klippa plenen, gå med boset og henta posten. Klesvasking gjorde seg av seg sjølv heime. Av og til er ting tiltak, men eg føler meg bra og sjølvstendig etterpå.
Pendlar
Ho er Sognekraft sin første lærling innan kontorfag og har kontor i både Vik og Sogndal.
– I tillegg til det er eg kontorstøtte for konsernsjefen.
For nokon år sidan hadde ho aldri sett føre seg sjølv med ein kontorjobb, for det skulle ho aldri ha.
– Me no elskar eg det, smiler ho.
– Og eg likar å køyra bil, så det er ikkje problem å pendla frå Feios.