Gjennom tretti år har tettstadveksten i gamle Sogndal kommune lagt beslag på rekordstort areal i høve til auken i folketalet. No er det på tide å bygge meir arealeffektivt.

Vestlandsforsking har nettopp arrangert konferansen «Vilkår for berekraftig tettstadutvikling», der vi saman med Høgskulen på Vestlandet og NMBU la fram resultat frå det fleirårige forskingsprosjektet Surround. Der har vi studert korleis arealbruken har utvikla seg i og rundt små og mellomstore tettstader i fire norske kommunar sidan 1990. Sogndal er ein av desse.

Når ein ser Sogndalsfjøra, Kjørnes og Kaupanger under eitt, viser forskinga vår at gamle Sogndal kommune brukte langt meir areal i høve til folkeauken enn tettstadene i dei tre andre kommunane i studien. Faktisk brukte Sogndal heile fem gongar så mykje jordbruksland som Malvik for kvar ny innbyggar og år, og fem gongar så mykje naturområde samanlikna med studieområdet i Trondheim. Alt skjedde i tråd med vedtatte kommuneplanar.

Vi er ikkje ferdige med å analysere årsaker til at Sogndal skil seg så klart ut, og det kan vere særtrekk ved denne kommunen som gjer at arealbruken her endar opp med å bli større enn i til dømes Trondheim. Ein viktig faktor er uansett kva typar bustader vi planlegg for. Med ein stor andel nye einebustader blir arealbruken per ny innbyggar sjølvsagt høg.

Dagen etter at konferansen var ferdig, hadde Sogn Avis ei nyhendesak om at Olav Bjørk og Nordbohus har planar om å bygge ut 50–100 einebustader på Bjørk på Kaupanger. Det planlagde byggefeltet på Bjørk illustrerer to problem med måten mykje av utbygginga framleis skjer på: Det bidreg til at tettstadarealet veks, og den skisserte utforminga av feltet er lite effektiv.

Prosjektet på Bjørk gir meining på fleire måtar, i tillegg til at det gir inntekter for utbyggar: Området ligg inntil eit eksisterande byggefelt, og delar av arealet har i lengre tid vore sett av til bustadformål. For kommunen er det viktig at det finst ulike typar bustader å få kjøpt for dei som vil busette seg her, og det er ei kjent sak at det er etterspurnad etter einebustader. Eg seier ikkje at området på Bjørk har den beste matjorda og det rikaste artsmangfaldet. Det er likevel grunn til å ta diskusjonen om dette er god arealbruk i eit langt tidsperspektiv.

Både klima- og naturkrisa har i stor grad oppstått som resultat av måten vi forvaltar areala på, og både FNs klimapanel og Naturpanelet har sagt at alle nasjonar må bruke areala meir skånsamt. Stadig utviding av byar og tettstader er ein viktig del av dette biletet. Det er sjølvsagt ikkje slik at eit einskild utbyggingsprosjekt åleine ber ansvaret for situasjonen menneska har hamna i, men vi kjem heller ikkje unna den kjensgjerninga at tap av artar og nedbygging av matjord oppstår som summen av mange enkeltavgjerder. Eg meiner vi har kome til eit punkt der vi må våge å ta arealbruken vår opp til kritisk vurdering.

Mange barnefamiliar ønskjer å ha eit stort hus og god plass å boltre seg på utandørs. Eg var sjølv i den situasjonen da eg etablerte meg rundt tusenårsskiftet, og enda opp med nettopp ein vanleg einebustad, på midten av ei tomt i eit tradisjonelt byggefelt. Helst ville eg hatt eit meir kompakt hus i eit tettare tun, med gode felles opphalds- og leikeareal, men det tilbodet fanst ikkje. Slike løysingar kan utformast mindre arealkrevjande enn byggefelt à la 1980-talet, som Nordbohus no planlegg på Bjørk. Viss vi let oss inspirere av vestlandske klyngetun, kan vi truleg møte fleire behov og bidra til at tettstadene våre ikkje eser ut meir enn dei alt har gjort.

Eg oppmodar politikarane i Sogndal, saman med dei kompetente planleggarane i kommunen, til å ta ein overordna diskusjon om korleis vi kan dekke bustadbehovet innanfor dei eksisterande tettstadgrensene.