Det skriv VG, som melder at Opseth sin kontrakt med den indiske klubben Bengaluru er blitt avslutta etter gjensidig einigheit, trass i at det var tre månadar att av den.
I desember skreiv Sogn Avis at Opseth har budd både på Kaupanger, i Australia og i India i løpet av eitt år.
– Eg lurte litt på korleis ein gut frå Kaupanger ville passa inn i ein storby i India og det lurer eg framleis på, sa Opseth til Sogn Avis.
Korona gjorde sitt til at han stort sett var på hotellrommet i Goa, utanom når han var ute og spelte fotballkampar.
VG skriv at Opseth vil signera for Sarpsborg 08 dersom den medisinske testen går som den skal.
Opseth spelte på Sogndal mellom 2014 og 2016 før han spelte to sesongar for Bodø/Glimt. Han har deretter spelt for tyrkiske Erzurumspor og Adelaide i Australia før han hamna i indisk Super League.

– Til mindre eg tenkjer, til betre har eg det

Kommentarer til denne saken