Vestland får 593 millionar som følgje av virusutbrotet – sjå kva kommunar som får mest

Staten har lagt pengar på bordet.

DEL

– Utbrotet av koronaviruset påverkar kommunane si evne til å levera gode tenester til innbyggjarane, og fører til auka utgifter og mindre inntekter. Staten skal stilla opp for kommunane i denne krevjande situasjonen. Kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune får no overført 593 millionar kroner for å avhjelpa situasjonen, blir det opplyst i ei pressemelding.

Heile landet står i ein krevjande situasjon, som vil påverka kommunane sin økonomi framover. Som hjelp til kommunane har Stortinget vedteke å auka rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane med 6,15 milliardar kroner.

593 millionar kroner

Av desse midlane får kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune tildelt 593 millionar kroner.

– Det er viktig at desse midlane kjem raskt på plass for å avhjelpa situasjonen og dempa usikkerheit, seier stortingsrepresentant for Høgre, Frida Melvær, og legg til at regjeringa føl situasjonen nøye og vil koma med ytterlegare tiltak i samband med revidert nasjonalbudsjett i mai.

– For kommunane blir dette året veldig annleis, med uføresette utgifter og lægre skatteinntekter. Midlane som stortinget har løyva vil vere ei hjelp og ein start, seier stortingsrepresentant for KrF, Tore Storehaug.

– Midlane som no kjem til Vestland fylke og direkte til den enkelte kommune er positivt og gjer oss i stand til å yta det ekstra som trengst i desse tider. Sett i samanheng med pakkar for lokalt næringsliv ser me eit samla politisk Noreg som leverer, seier leiar for Vestland Venstre, Åsta Årøen.

Dette er innhaldet

  • Av auka på 6,15 milliardar kroner går 1,25 milliardar kroner til fylkeskommunane, og 4,9 milliardar til kommunane.
  • 3,75 mrd. kroner av tilskotet til kommunane vert fordelt som innbyggjartilskot etter kostnadsnøkkelen i inntektssystemet, dette utgjer 453 millionar kroner for kommunane i Vestland i 2020.
  • Rammetilskotet til kommunane vert auka med 1 milliard kroner som kompensasjon for bortfall av foreldrebetaling i barnehage og SFO.
  • Desse midlane er førebels ikkje fordelt. Resten, 150 millionar kroner, vil bli fordelt som skjønstilskot til kommunane, forvalta av Fylkesmannen.
  • Av tilskotet til fylkeskommunane vil 1 milliard kroner gå til kollektivtrafikk og bli fordelt etter fylka sin del av inntektstapet som følgje av reduksjon i billettinntektene. Resten, 250 millionar kroner, vil gå til kompetanseutvikling og vert fordelt mellom fylkeskommunane med et likt beløp per innbyggjar.
  • Svikt i passasjertalet har gitt fylkeskommunane lågare i billettinntekter for kollektivtrafikken. Dette vert kompensert ved å auka rammetilskotet til fylkeskommunane med éin milliard kroner. I tillegg kjem støtte til kompetanseutvikling og opplæring for permitterte med 250 millionar kroner gjennom innbyggjartilskotet til fylkeskommunane.
  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil overføra 5 milliardar til kommunane og fylkeskommunane i ei ekstraordinær utbetaling av rammetilskot 20. april. Auka på 1 milliard kroner til bortfall av foreldrebetaling vert overført i neste ordinære utbetaling av rammetilskotet den 4. mai. Regjeringa vil koma tilbake til ytterlege tiltak i revidert nasjonalbudsjett for 2020.

Slik er fordelinga

Kommune

Økt rammetilskot


(1000 kr)

4601 Bergen

189 290

4602 Kinn

12 588

4611 Etne

3 209

4612 Sveio

4 323

4613 Bømlo

8 900

4614 Stord

12 982

4615 Fitjar

2 448

4616 Tysnes

2 407

4617 Kvinnherad

9 778

4618 Ullensvang

8 565

4619 Eidfjord

857

4620 Ulvik

1 070

4621 Voss

11 807

4622 Kvam

6 642

4623 Samnanger

1 947

4624 Bjørnafjorden 17 768

4625 Austevoll

4 212

4626 Øygarden

26 500

4627 Askøy

21 004

4628 Vaksdal

3 409

4629 Modalen

537

4630 Osterøy

5 950

4631 Alver

20 988

4632 Austrheim

2 204

4633 Fedje

637

4634 Masfjorden

1 636

4635 Gulen

2 113

4636 Solund

830

4637 Hyllestad

1 228

4638 Høyanger

3 262

4639 Vik

2 293

4640 Sogndal

8 240

4641 Aurland

1 418

4642 Lærdal

1 732

Kommune

Økt rammetilskot


(1000 kr)

4643 Årdal

3 901

4644 Luster

4 154

4645 Askvoll

2 640

4646 Fjaler

2 548

4647 Sunnfjord

16 070

4648 Bremanger

3 243

4649 Stad

7 197

4650 Gloppen

4 839

4651 Stryn

5 556

Vestland

452 922






Artikkeltags