Ventetid ved fleire tunnelar

Publisert 10.10.2019 kl. 06.41.

Ved Steiggjetunnelen mellom Fodnes og Årdal er det manuell dirigering og tunnelen kan verta stengd i periodar på 20 minuttar.


Ved Ottatunnelen mellom Luster og Skjolden er det manuell dirigering på grunn av vegarbeid. Det skal vera ventetid på maksimalt 15 minuttar. Utrykningskøyretøy kan passera. Kolonner vert tilpassa rutegåande trafikk.


Yste Jarva tunnelen mellom Vangsnes og Fresvik kan bli stengd på periodar inntil 1 time på grunn av vedlikehaldsarbeid frå klokka 7.00 til 18.00. Det er gjennomkøyring kvar heile time.


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk