Ventetid ved Berdaltunnelen

Publisert 21.02.2018 kl. 06.12.

I dag, onsdag, mellom klokka 09.00 og 17.00 må trafikantar som køyrer fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol rekna med inntil 20 minuttar ventetid ved Berdaltunnelen, melder Statens vegvesen på trafikkmeldingssida si. Det er manuell dirigering av trafikken på staden, i samband med vegarbeid.