Det sa Vibeke Johnsen, varaordførar i Sogndal, innleiingsvis under møtet i finansutvalet torsdag denne veka.

På dagsordenen stod budsjettet for 2023, og dessutan den overordna økonomiplanen fram til 2026.

– Det er usikre tider, og det gjer budsjettprosessen vanskelegare, sa kommunedirektør Tor-Einar Skinlo.

– Knapt handlingsrom

6. oktober kom regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2023. Det har i haust vore varsla eit stramt budsjett, noko som får konsekvensar for kommuneøkonomien, også i Sogndal.

– Det er ein gåande politisk diskusjon om kor stramt statsbudsjettet faktisk er, men for kommunane er dette eit relativt stramt budsjett, fortalde kommunedirektøren.

Knapt handlingsrom inneber harde prioriteringar i budsjettarbeidet, opplyste han vidare.

– Når me har sett på dei ulike postane har me spurt oss om dei er strengt nødvendige for den kommunale drifta og tenesteytinga for neste år, eller om det kan utsettast. Det me har sett på som ikkje tidskritisk, har me fjerna frå det komande budsjettåret. Det har blant anna ført til at me har tatt ut Hittun-feltet i Balestrand.

– Dette er ikkje året for ynskjetiltak, sa han.

Reduserte kutt i helse, men berre midlertidig

Det har tidlegare vore stor diskusjon kring nedskjeringar i helsesektoren etter at Kaupang-rapporten kom tidlegare i år. I tråd med den var det i utgangspunktet lagt opp til betydelege nedskjeringar i helsesektoren i kommunen. Likevel har innsparingskrava for 2023 no blitt reduserte, i tråd med kommunestyret sitt ynskje.

– I budsjettet for 2023 har innsparingskravet for helsesektoren blitt reduserte frå 23,5 millionar til 10 millionar.

Ei slik endring er likevel ikkje utan konsekvensar.

– Slik budsjettet ligg føre vil Sogndal kommune gå med eit netto underskot på 16,6 millionar kroner.

Det er ifølgje kommunedirektøren det reduserte innsparingskravet til helsesektoren som utgjer størstedelen av budsjettunderskotet. I 2024 vil innsparingskravet ifølgje økonomiplanen vera oppe på 23,5 millionar igjen.

– Frå 2024 og vidare vil innsparingskrava auka att. Det må dei om kommunen sine inntekter og utgifter skal samsvara.

– Ikkje haldbart

Budsjettunderskotet til neste år vil måtte dekkjast inn ved bruk av dispensasjonsfond. Det kan ikkje bli normalen, ifølgje kommunedirektøren.

– Dette ser alle at ikkje er haldbart over tid. Disposisjonsfond er reservemidlar. Den brutale realiteten er at om ein held fram slik, vil me ikkje ha disposisjonsfond når me kjem nokre år fram i tid. Det er faktisk ikkje så mange år det er snakk om heller.

Gjennom kommunelova er kommunane pålagde å driva langsiktig økonomisk styring.

– Med budsjettet for 2023 når me ikkje nokon av dei måltala som er sette. Det illustrerer alvoret i situasjonen. Me tappar av dispensasjonsfond og aukar gjelda. Det skjønar alle at ikkje kan vera anna enn ei kortsiktig løysing.

– Om ein ikkje realiserer dei planlagde kutta i blant anna helse- og oppvekstsektoren i dei komande åra, vil underskotet bli vesentleg større.

Mindre kraftpengar

I statsbudsjettet er det også lagt opp til ein auke i grunnrenteskatten, som er meint å sikra større omfordeling av ekstraordinære inntekter ved blant anna straumproduksjon. Det vil få økonomiske konsekvensar for Sogndal kommune.

– Auka i grunnrenteskatten som det no er lagt opp til, vil vri skatteinntekter frå kommunane til staten ved å redusera grunnlaget for eigedomsskatten. I tillegg vil den redusere driftsresultatet i straumselskapa, som vil minska utbytet me som eigarar sit att med.

Utslaget i skatteendringane i kroner og øre er endå ikkje avklara, blant anna fordi statsbudsjettet ikkje er endeleg.

– Det er enno usikkert kor store tapte inntekter det her vil vera snakk om, men eg vil anslå ein stad mellom fire og seks millionar kroner. Me budsjetterer utifrå framlegget til statsbudsjett som no er kome. Med ei mindretalsregjering som må forhandla med andre parti må me leva med ei viss usikkerheit fram til eit endeleg statsbudsjett ligg føre mot slutten av året.

Trekt stønad

Utanom kraftsektoren har også endringar i Husbanken sine stønader konsekvensar for det komande budsjettåret. Per no kan Husbanken gje stønad til omsorgsbustader og institusjonsplassar, men i 2023 ligg dette an til å falla bort, i alle høve i det føreliggjande statsbudsjettet.

– For å seie det litt flåsete; det er ingen som greier å forklara kvifor dette er tilrådd. Om det er eit tiltak for budsjettbalanse i 2023, eller om det er ei varig endring er ikkje sikkert endå, men om det er varig vil det få store konsekvensar for planane våre med omsorgsbustader i Stedjevegen, sa kommunedirektøren.

– No håpar me alle på SV i forhandlingane, sa Frode Bøthun (KrF).

Trude Risnes (V) ynskte svar på kor vidt ein likevel ville kunne gå i gang med arbeidet i Stedjevegen, og om kommunen i det heile kunne tola å utsetta det.

– Reknestykket vil bli annleis, men Kaupang-rapporten understreka at det kunne vera pengar å spara ved å samla desse tenestene. I tillegg bør me koma raskast mogleg i gang med tanke på dei familiane som sit med betydeleg omsorgsansvar som vil bli avlasta av eit slikt tilbod, svara kommunedirektøren.

Omprioriteringar

Trass i kommunedirektøren si åtvaring ved inngangen til møtet, at 2023 ikkje er året for ynskjetiltak, blei det likevel uttrykt ynskjer om endring i budsjettet.

Av notis var særleg Balestrand, der dagsturhytta på Gulleplenipa i utgangspunktet var innlagd i budsjettet, men blei fjerna etter diskusjon i utvalet.

– Grunnen til at den ligg der er at fundamentet allereie er støypt, fortalde kommunedirektøren, før han la til at den lett kunne utsettast.

I staden for den nye dagsturhytta blei tilbygget til Belehalli og ferdigregulering av bustadfeltet Hittun, begge i Balestrand, tekne inn att i budsjettet etter avstemming. I utgangspunktet var dei uttekne jamføre kommunedirektøren sitt argument om nødvendigheit.

Kva dette får å seia for budsjettunderskotet blei ikkje avklara under møtet, men tilbygget på Belehalli blei lagt inn att med den gamle ramma på 16 millionar kroner. Ramma for dagsturhytta var på 1,4 millionar.