Ventar kraftige vindkast utover kvelden

DEL

Fredag ettermiddag og kveld er det venta søraustleg vind med lokalt kraftige vindkast 25-28 m/s i indre fjordstrøk og kraftig vind i fjellet.

Mange har sikkert merka at vinden og regnet har teke seg opp fredag ettermiddag, og ifølgje yr.no skal det halda på ei stund.

Ifølgje farevarselet, som er på gult nivå, vil vinden truleg avta frå klokka 22 fredag.

Meteorologisk institutt anbefalar folk å sikra lause gjenstandar, unngå ferdsel på utsatte stader, og følgja med på status og råd hos transportaktørar.

Artikkeltags