Ventar kraftige vindkast, snøbyer og tøffe forhold i fjella

KALDARE: Det blir lågare temperaturar torsdag og snøgrensa vil synka ned til 2–400 meter.

KALDARE: Det blir lågare temperaturar torsdag og snøgrensa vil synka ned til 2–400 meter. Foto:

Torsdag blir det kaldare i lufta og på fjellet kan det koma periodevis liten storm i tillegg til snøbyer og snøfokk.

DEL

Det blir lågare temperaturar torsdag og snøgrensa vil sokke. Rundt 100–200 meter over havet er det venta 20–40 centimeter med snø, skriv Meteorologisk institutt i eit farevarsel.

Fleire farevarsel

I Sogn er det torsdag melde om gult farevarsel for kraftige vindkast og snø. Det er også fare for skred etter den massive nedbøren tysdag og onsdag. Vassføringa er venta å vera på retur utover dagen.

Meteorologisk institutt skriv at det kan koma full storm på kysten og utsette stader i Vestland fylke torsdag. Det kan koma lokalt kraftige vindast, regnbyer og sluddbyer.

I Sogn er det venta ein temperatur mellom 1–4 grader denne dagen, og kaldare blir det fredag før det temperaturen stig igjen laurdag.

Slik er status for fjellovergangane:

E16 Filefjell

Snø- og isdekke og fare for glatte parti. Klokka 05:30 var det -3 grader, frisk bris og middels snø.


Rv. 13 Vikafjellet

Snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det -3 grader, frisk bris og snøbyer.

Gjeld frå: 19.11.2020 kl. 05:37

Gjeld til: Inntil vidare


Rv. 52 Hemsedalsfjellet

Snø- og isdekke og snøslaps. Klokka 05:30 var det -4 grader, liten kuling og snø.

Gjeld frå: 19.11.2020 kl. 06:02

Gjeld til: Inntil vidare


Fv. 50 Hol – Aurland

Snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det -4 grader, stiv kuling og middels snø.

Gjeld frå: 19.11.2020 kl. 05:32

Gjeld til: Inntil vidare


Fv. 53 Tyin – Årdal

Snø- og isdekke og fare for glatte parti. Klokka 05:30 var det -5 grader, frisk bris og middels snø.

Gjeld frå: 19.11.2020 kl. 05:37

Gjeld til: Inntil vidare

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken