Ventar kraftige vindkast i indre strok

DEL

Frå laurdag ettermiddag er det venta kraftige vindkast frå aust og søraust, og Meteorologisk institutt har sendt ut gult varsel for Fjordane og Sogn.

Lokalt kan vindkasta koma opp i 27-30 m/s, og det er venta mest vind i indre strok.

Yr.no varslar at vinden skal avta frå søndag føremiddag.

Det er også varsla om vanskelege køyretilhøve laurdag.

Artikkeltags