Ventar dårlege køyretilhøve laurdag ettermiddag

FILEFJELL VED SMEDALEN: Vegvesenet anbefaler å køyra Filefjellet viss du skal austover etter laurdag ettermiddag.

FILEFJELL VED SMEDALEN: Vegvesenet anbefaler å køyra Filefjellet viss du skal austover etter laurdag ettermiddag. Foto:

DEL

– Midt på dagen laurdag kan det bli litt dårleg vêr. Folk bør prøva å vera framme der dei skal før på dagen, men viss dei skal køyra austover på ettermiddagen anbefaler eg å køyra Filefjell, seier Ketil Molvær, trafikkoperatør i Statens Vegvesenet.

Greie forhold fredag

– Me har ikkje fått meldingar om dårlege køyretilhøve i indre Sogn i dag. På Hemsedalsfjellet og Filefjell er det greitt, seier Molvær.

Det er snøbyer fleire stader no, men trafikkoperatøren er ikkje uroa.

– Det er ikkje mykje snø no. Men viss det held fram å lava ned kan det påverka trafikken.

Vikafjellet er stengt på grunn av opprydjing, og skal etter planen opnast i morgon klokka 16.00.

– Det er mogleg at opninga av Vikafjellet lyt utsettast, seier Molvær.

Artikkeltags