Talet på ledige går ned i alle aldersgrupper og alle bransjar, og det er særskilt i reiselivet at arbeidsløysa går mest ned, skriv Nav Vestland i ei pressemelding.
Det er framleis mange ledige stillingar, spesielt innan helse, pleie og omsorg og bygg og anlegg. Mange ledige manglar riktig kompetanse for å fylla dei ledige jobbane, og behovet for tilpassa opplæring for å kvalifisere folk inn i dei ledige jobbane, er stort.
Fungerande direktør Bjarte Hysing-Olsen i NAV Vestland seier det er viktig at arbeidsgivarar, utdanningsinstitusjonar og NAV jobbar godt saman med for å leggja til rette for at arbeidssøkarane skal få moglegheit til å skaffa seg den kompetansen det er behov for i marknaden.
– Mange av dei som er ledige no har ein annan kompetanse enn det som er behovet no. Det er mange som må tenke nytt for å løysa denne utfordringa, inkludert me i NAV, seier Hysing-Olsen.
Auka renter og høg prisstiging endrar marknaden
Sjølv om arbeidsløysa er låg no, er ikkje det ei utvikling som vil vara særleg lenge, skal me tru den nyaste prognosen til NAV. Auka renter og høg prisstiging gjer at NAV ventar at arbeidsløysa vil auka att frå hausten av.
Fungerande direktør Bjarte Hysing-Olsen i NAV Vestland trur på same utvikling i Vestland som i resten av landet.
– Men auken blir ikkje særleg stor, og arbeidsløysa vil framleis liggja på eit lågt nivå, trur Hysing-Olsen.
Mange under 1 prosent arbeidsløyse
Det er flest ledige jobbar innan helse, pleie og omsorg (957), bygg og anlegg (725) og reiseliv og transport (433), medan det er færrast utlyste stillingar innan jordbruk, skogbruk og fiske (20) og leiarar (125).
I Vestland er det høgast arbeidsløyse i Hyllestad (3,0 prosent), Solund, Høyanger, Kinn og Øygarden (alle 2,1 prosent). Heile 19 av dei 43 kommunane i fylket har under 1 prosent arbeidsløyse.
Arbeidsløysa i heile Noreg samla ligg også på 1,6 prosent.