SISTE: Vegen opna att klokka 13.29, opplyser Vegtrafikksentralen.

– Eg var på veg frå Skjolden til 11.30-ferja. Den nådde eg ikkje, konstaterer Norvald Stokkenes. Han vart møtt av steinskred rundt to kilometer før Ornes.

– Det lukta knust stein, seier Stokkenes, som har meldt frå om skredet til vegtrafikksentralen.

Der blir det opplyst at første melding om skredet kom klokka 07.33.

– Geolog skal vurdera området. Vegen er stengt og det blir ny vurdering klokka 14, seier Tom Hansen hjå Vegtrafikksentralen.