Statsminister Erna Solberg (H) ber folk unngå private besøk i to veker. Skjenking av alkohol blir forbode.

– Eg ber no om at alle blir med på eit krafttak for å unngå ei ny smittebølgje, seier Solberg i ei pressemelding.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) kallar det ein «sosial nyttårspause».

Regjeringa tilrår no alle nordmenn om å unngå å ha gjester i heimen og vente 14 dagar med private besøk.

I tillegg blir det innført eit forbod mot private samankomstar på meir enn fem personar utanfor eigen heim.

Det blir òg innført eit nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader og arrangement.