Vender tilbake til vanleg skysstilbod – men kan ikkje garantera alle plass

Skyss/Kringom går no tilbake til skuleskysstilbodet slik det var før skulane stengde. 

DEL

– Me gjer alt me kan for å sikra ei trygg og smittefri reise, og me har tett dialog med kommunar og skular, skriv Skyss/Kringom i ei pressemelding.

Med dei strenge avstandskrava som gjeld, kan selskapet berre frakta halvparten så mange som vanleg på kvart transportmiddel. Skyss/Kringom gjekk tilbake til tilnærma vanleg rutetilbod 27. april.

Dette tyder at alle bussar og sjåførar no er i trafikk, slik at det ikkje er rom for å setja inn ekstrabussar. Ekstrabussar som har vore nytta til 1.– 4. trinn dei siste vekene, må no brukast på andre elevar.

– Det blir difor ingen ekstrabussar for noko trinn, og me er dermed i ein ekstraordinær situasjon der me ikkje kan garantera at alle elevar får plass på skulebussen.

Skysselskapet må dermed setja sin lit til at så mange elevar som mogleg kjem seg til skulen på andre måtar, og har formidla dette i eit brev direkte til skulane og foreldra.

Alle andre reisande blir oppmoda om å unngå å reisa kollektivt dersom dei har alternativ.

– Me ber difor alle som kan, om å reisa på andre måtar eller å halda fram med heimekontor.

Artikkeltags