Gå til sidens hovedinnhold

Velta med motorsykkel i Borlaugkrysset

Vegtrafikksentralen melde klokka 23:40 laurdag kveld at Borlaugkrysset på E16 i Lærdal var mellombels stengt på grunn av eit trafikkuhell.

I følgje Vest politidistrikt er det ein motorsykkel som har sklidd og velta i rundkøyringa. Dei som rapporterte ulukka melde om at føraren var medviten, og i samtale med personar på staden.

Det var ikkje andre køyretøy involverte i ulukka. Motorsykkelen låg ei stund i vegbana. Det er uvisst kva som var årsak til hendinga.

Føraren vart send til sjukehuset på Voss.

Kommentarer til denne saken