– Entreprenøren har stått på heile helga for å opna vegen til måndag når mjølkebilen skulle koma. Det fortenar han og kommunen skryt for, seier Ivar Supphellen.
Fem personar vart isolerte i Supphelledalen då det rasa i elvelaupet til elva Tverrdøla under uveret fredag. Supphellen driv gard med 35 mjølkekyr, og var bekymra for at han skulle bli nødt til å tømma ut mjølka dersom vegen ikkje opna i tide.
– No har me ein god traktorveg. Han Sverre Tufte Mundal har jobba heile helga, seier Suppehellen, og sender skryt til sambygdingen som har rydda vegen.
– Det er kanskje ikkje slike saker som gir mykje klikk, men det er viktig at de skriv om den gode jobben dei gjer likevel, seier Supphellen.
Straumkablar vart tekne av skredmassane
Entreprenøren som blir rosa står midt i ryddearbeidet på Supphellevegen når Sogn Avis ringer.
– Du får mykje skryt frå sambygdningen din Ivar Suppehellen for ryddejobben du gjorde i helga.
– Gjorde eg det? Åja, seier Mundal til det.
Han fortel at det gjenstår noko arbeid før vegen er tilbake til vanleg standard. Straumkablane fekk hard medfart i skredmassane fredag, og Sognekraft er i gang med utbetring.
– No driv me på med straumkablane. Det må på plass att før me kan få vegen ferdig, fortel Mundal.
Innbyggjarane i dalen har fått aggregat for å ha straumtilgang medan kablane kuttast og skøytast saman att.
– Det er vanskeleg å seia nøyaktig kor lang tid det vil ta før vegen er heilt ferdig.. Me fekk i alle fall opna den til mjølkebilen kom.