I 13.40-tida onsdag gjekk det ras over fylkesveg 5625 ved Voldadalane i Aurland. Vegen mellom Aurlandsvangen og Skjerdal er no stengd, melder Vegtrafikksentralen Vest.
– Det skal ikkje vera mistanke om personskade, seier ein travel Reinhard Sørensen i Aurland brannvesen.
Dette kjem i tillegg til dei to rasa som gjekk tidlegare onsdag, og Sørensen har knapt tid til å snakka med media.
– Dei enorme nedbørsmendgene er ei viktig årsak, sa Sørensen til Sogn Avis tidlegare på dag.