– Raset var ikkje kjempestort og har gått rett utanfor Feiostunnelen. Men dei er veldig usikre på om det kan koma meir. Difor er heile strekningen frå Vangsnes til Feiostunnelen stengt, seier trafikkoperatør Christer Eide i Statens vegvesen.
Raset vart meldt om like over klokka 0630 fredag morgon, og Eide fortel det vil bli gjort nye vurderingar i løpet av morgontimane.
– Entreprenør vil i utgangspunktet byrja opprydjingsarbeidet når det lysnar, for no ser dei ikkje all verda. Då vil dei også gjera ei vurdering på om det trengst geolog.
Raset fører til at både Feios og Fresvik er utan vegsamband.
Det skal gjerast ei ny vurdering klokka 12 fredag tvitrar Vegtrafikksentralen Vest fredag føremiddag.