OPNAR ATT: Tysdag opnar vegen som har vore stengd etter jordraset. (Foto: Arne Veum)

Vegen opnar att tysdag

Vegen er rydda og kan nyttast frå tysdag.

Publisert 12.08.2019 kl. 19.32. Oppdatert kl. 19.40.

For ei veke sidan gjekk det to jordras i Jordalen. To personar evakuerte seg sjølve og fekk hjelp av naboar til å koma seg ut av området. 


Teknisk sjef Reinhard Sørensen i Aurland kommune opplyser til avisa Hordaland at vegen er reparert. 


Sjølv om vegen opnar tysdag, kan han likevel verta stengd dersom det kjem kraftig regn att. Sørensen seier informasjon i så fall vil koma på Aurland kommune sine nettsider. 


 


 


Sitjande fast

Det var Marit Krokeide og Arne Bergfjord frå Bergen som vart fanga av to jordras i Jordalen sist veke.


- Me hadde vore på ein fin fjelltur og kom oss ned att til bilen før regnet kom. Etter å ha køyrt nokre kilometer, såg me at elvene rundt oss var blitt store, og det roa seg ikkje. Me stilte bilen vår bak eit sel. Så kjente eg at heile bakken rista og såg raset framfor oss. Eg sette bilen i revers, men då byrja det å rasa bak oss også. Store steinar fauk forbi. Då var eg så redd at eg trudde eg skulle ryke. Det var veldig dramatisk, fortalde Krokeide til Sogn Avis.


 


Les meir om: Nyhende Aurland Trafikk