Vegen mellom Vik og Vangsnes er opna att etter ras

RAS: Denne steinblokka landa i vegen mellom Vik og Vangsnes søndag.

RAS: Denne steinblokka landa i vegen mellom Vik og Vangsnes søndag. Foto:

DEL

Søndag ettermiddag gjekk det eit steinras ved Galden på riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes, melder Vegtrafikksentralen klokka 18.14.

Vegen vart stengt og entreprenør rykka ut.

– Vegen er no rydda og open att, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen klokka 18.31.

Ei solid steinblokk kom ned i vegen, men Vegtrafikksentralen har ikkje fått melding om at personar eller bilar kom til skade i raset.

– Me fekk melding frå ein bilist som kom like etter raset. Då kom det framleis noko småtteri ned. Han torde ikkje passera og rygga vekk att, seier Erikstad.

RASUTSETT: Steinen rasa ned i rasutsette Galden, her om lag tre kilometer frå Vik.

RASUTSETT: Steinen rasa ned i rasutsette Galden, her om lag tre kilometer frå Vik. Foto:

Artikkeltags