Gå til sidens hovedinnhold

Vegen mellom Hella og Leikanger er framleis stengt – blir gjort vurdering når dagslyset kjem

Raset som stengjer vegen mellom Leikanger og Hella er framleis ikkje rydda.

Rv. 13 Eikenes, på strekningen Hella – Sogndal

Stengt på grunn av snøras.

Det er meldinga som framleis gjeld etter at vegen vart stengt søndag ettermiddag.

Søndag sa Svein Erik Finden i Statens vegvesen at det skal synfarast med helikopter i fjellsida når dagslyset kjem måndag.

Planen er at det då skal sprengjast ned parti som kan føra til nye ras.

– Etter det vil me ta vurdering på kva me gjer vidare.

Les mer

Vegen stengd – ingen båttransport

Det var ikkje sett opp båttransport, så pendlarar og andre vegfarande på denne strekninga må finne andre løysingar.

Bra på fjellet

Vikafjellet var i alle fall farbart i morgontimane måndag.

Rv. 13 Vikafjellet

Stort sett berr veg og vått og fare for glatte parti. Klokka 05:00 var det 2 grader, frisk bris og oppholdsver.

Også forholda på dei andre fjellovergangane i Sogn er fine måndag morgon.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet

Bart og isdekke. Klokka 05:00 var det -4 grader, svak vind og opphaldsvêr.

Gjeld frå: 22.02.2021 kl. 04:58 Gjelder til: Inntil vidare

Fv. 50 Hol – Aurland

Vekslande bart og isdekke. Klokka 05:40 var det -2 grader, svak vind, skya og opphaldsvêr.

Fv. 53 Tyin – Årdal

Snø- og isdekke og fare for glatte parti. Klokka 05:32 var det -10 grad, lett bris og klart.

Kommentarer til denne saken